FK Fortuna Ålesund – KIL/Hemne
Treningskamp Side i Tyrkia 25.03.18

 Etter 5 gode økter i Tyrkia var det klart for kamp mot KIL/Hemne i Tyrkia lørdag ettermiddag.Ei fantastisk flott grasmatte og sol var rammene, men også litt vind som tidvis sat eit lite preg på kampen.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Helena Vattøy, Nora M. Ferstad
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Anna Fjørtoft, Ingrid Vatne
Katarina Sunde

Innbytte :
– 46min. Ingrid ut og Kari Skovly inn.
– 67min. Anna ut og Eva Hormazabal inn.
– 82min. Stine og Nora ut og Oda Tennfjord og Vilde Kroken inn.

* Tora Ose og Ellijanne Anderson(hospitantar) ubenytta.
* Kristine, Vivian og Lisa stod over.

Mål :
– 0-1 26min. Eit langt utspel frå keeper skapar utfordringar for oss, og med litt hjelp frå vinden går den over forsvaret vårt og spissen kjem heilt åleine med Marthe og skårar.

-1-1 90min. Katarina slår corner som til slutt fell i beina på Cecilie på bakre stolpe som frå 7-8 meter set ballen i mål med venstrefoten.

Kampen :

Det starta jamnt dei første 10 minuttane lørdag med stor intensitet, og to lag som ville vise seg frå si beste side. Etter kvart tok vi styringa i kampen og var det førande laget i førsteomgangen, sjølv om K/H absolutt viste seg farlege inn i mellom.

Etter vel 11 spelte minutt set vi opp eit godt angrep, der ballen til slutt landar i beina til Mette på 17 meter og ho treff perfekt med venstrefoten, men dessverre stussar skuddet på tverrleggaren og over. No køyrer vi kampen og kun få minutt seinare er det Katta som spelar på tvers til Ingrid som frå 8-9 meter avsluttar i nærmaste hjørne heilt nede med stolperota, men ei strålande keeper-redning hindrar oss leiing. Etter vel 20 minuttar er det teleskopisk kjemi mellom romvenninene Mette og Katarina, der førstnevnde leverar ei strålande gjennombruddspasning som sender Katarina åleine med keeper. Igjen er K/H sin keeper ute og reddar.

I kampens 26.minutt utnyttar K/H feil hos oss og går i 1-0 leiiing. Vi fortsette å ha eit lite spelemessig overtak resten av omgangen, men det endar ikkje i meir enn nestenmulighetar. Til tross for ein omgangen med overtak til oss, så er det K/H som leiar til pause.

Etter påfyll av vatten og nokre taktiske justeringar i pausa, så er vi klare for å snu resultatet i andreomgangen. Vi går rett i «strupen» på K/H i starten av andreomgangen, og spesielt det første kvarteret av omgangen er dominansen ganske stor i vår fordel. Etter ca. 5 minuttar for vi prestasjonar frå øverste hylle. Camilla leverar eit klasse innlegg, Katarina får går opp på 8 meter og leverar ei perfekt hedding heilt nede i hjørnet – dette må bli eit fantastisk mål tenker alle på stadion i det ballen er på veg mot mål. Då viser igjen K/H sin J19 landslagskeeper, Sneve, kvifor ho er landets beste i sin årsklasse. Ho leverar ei redning som eg knapt har sett makan til, rette og slett verdsklasse hindrar Katarina skåring.

Vi held trykket oppe i den påfølgande situasjonen og Nora serverar Katarina eit perfekt innlegg, men dessverre frå 6-7 meter er touchen til Katarina litt for upresis til at det blir skåring. Den siste delen av omgangen går vi litt meir «tomme» og blir litt for upresise med ball, noko som gjere at vi gjev vekk nokre farlege overgangar til K/H. Dei skapar 2 særs store sjansar, der Marthe reddar den eine, medan dei på utruleg vis set den andre utanfor mål upressa frå 8 meter. For våre del kjem Katarina til ein ny stor sjanse, men ho er litt for «heit» i situasjonen og avslutninga går over frå meget god posisjon.

På slutten av kampen ser det ut som K/H skal dra i land ein litt ufortjent siger, men på det siste som skjer i kampen er Cecilie på plass og set ein corner i mål.

Kommentar :

Det er viktig å få med seg eit resultat sjølv om det berre er ein treningskamp og det ikkje blir delt ut poeng i mars.

Vi er best i denne kampen, men ser lenge ut til å tape den. Då er vi fornøgde med 1-1 resultatet. Etter å ha brukt søndagen på videoanalyse, så er vi også meget godt fornøgde med prestasjonen. K/H er eit godt lag, den tøffaste motstandaren i årets 2.divisjon – trur vi – og då er det godt å ta med seg inn i serien ein prestasjon som viser at vi pr. no er hakket betre enn dei – meinar vi !

Vi ser klare forbetringar på ein del av det vi har hatt fokus på, og så har vi sjølvsagt ting vi kan bli endå betre på. Totalt sett ein solid prestasjon med ein god laginnsats, og ein del spelarar viste klar formstigning. Aller best i går var kaptein Mette, som styrte midtbana i periodar, med mange gode og viktige bidrag.

Tirsdag møter vi det islandske laget Sindri(1.divisjon – nivå 2) kl.15.00(14.00 norsk tid).

Magne