FK Fortuna Ålesund – Molde
13. serierunde Aksla stadion 01.09.18.

Fylkesderby, toppoppgjer, og viktige poeng på spel var utgangspunktet
før ettermiddagens spennande kamp mot Molde.

Resultat : 2-2(1-1).
Gule kort : 2 til Molde.
Dommar : Steinar Hjelle, Sunnylven IL.
Tribune : Ca. 150 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Josefine Ervik
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Kristine Gulbrandsen
Mette O. Muri(K) og Ida Kroken
Kari Skovly, Nora Ferstad, Ingrid Vatne
Vivian Saadi

Innbytte :
– 56min. Ingrid Vatne ut og Daniela D. Gudnadottir inn.
– 67min. Ida Kroken ut og Solveig Engås inn.
– 67min. Nora M. Ferstad ut Stine Reite inn.

Solveig Engås debuterte for oss i dag med eit godt innhopp.

Mål :
– 0-1 2min. Eit frispark litt inne på Molde sin halvdel blir dunka inn mot vårt mål. Frisparket frå gå forbi alt og alle, og til slutt i mål i lengste hjørne.
-1-1 9min. Ingrid dreg seg fri nede på vår venstresida og svingar eit legg inn mot bakre stolpe, der Vivian går til værs og heddar i mål frå 8-9 meter.
-1-2 52min. Vi pressar Molde høgt i bana, og ein tversoverpasning går i beina på Ingrid. Ho får spelt ballen vidare til Vivian som får vendt opp og skote i mål under keeper i lengste hjørne.
-2-2 78min. Molde har innkast på midtstreken, vi er 7 mot 2 Moldespelarar, men står og «sove». Det gjere at Molde kjem seg fri på kanten og slår eit innlegg inn framfor mål. Vi får halvklarert
rett i beina på ein Moldespelar, som frå ca. 16 meter skyt ballen i mål i lengste hjørne.

 

Kampen :
Det er jamnspelt og sjansefattig før pause, med eit lite spelemessig overtak til Molde totalt sett.For vår del er det kun skåringa som er den einaste klare og store målsjansen vi skapar.
I tillegg til dette har vi nokre nestensjansar, men det stemmer ikkje heilt offensivt for oss. Heller ikkje Molde skapar mykje, eit skudd som landar på oppsida av tverrleggaren er
vel det nærmaste dei er utanom skåringa og eit par nestensjansar. til pause i ein tett men lite velspelt førsteomgangen er vel heilt ok. Vi må først og fremst løfte kvaliteten med ball er det klare bodskapet i pausa.

Etter sidebytte er vi betre, utan å på noko måte «skinne». Vi får leiinga etter 52.spelte minutt og får etter det kontroll på kampen. No skapar vi 3-4 store målsjansar til å punktere kampen.
Dessverre lykkast vi ikkje med det, og når vi då sove litt defensivt, så straffar Molde oss brutalt på sin første målsjanse i andreomgangen etter 78 min. Det siste kvarteret leve kampen og bølgar litt fram og tilbake. Begge laga kan avgjere kampen til sin fordel, men er for upresise i dei avgjerande situasjonane.

Dermed sluttar kampen med poengdeling.

Kaptein Mette om kampen :
Vi visste på forhånd at det kom til å bli en tøff og intens kamp og det slo ikke feil. Mye kriging og tette dueller var det som preget kampbildet gjennom 90 minutt. Vi klarer aldri å få satt våres eget spill, selv om vi i perioder skaper trøbbel for Molde og har sjansene til å avgjøre og ta alle tre poengene. Vi lever likevel greit med et poeng og retter nå blikket mot en viktig bortekamp til helga !

Trenarkommentar :
Vi hadde håpa på ein betre prestasjon og vi hadde trua på 3 poeng . Då er vi sjølvsagt ikkje heilt fornøgde med å spele uavgjort. Spesielt ikkje når vi burde punktert kampen ved fleire høver på stillinga 2-1. Likevel er vi framleis i førarsetet og leiar tabellen med 2 poeng på KIL/Hemne og 6 poeng på Molde før dei siste 5 serierundane. Framleis er alt opp til oss sjølve og det må vi kalle eit godt utgangspunkt. Det einaste vi kan gjere er å ha fokus, få på plass ei god treningsveke og sørge for at vi står endå betre rusta til oppgåva som kjem neste helg. Det skal vi klare !

Lørdag 8.september er det klart for ny toppkamp. Då er KIL/Hemne motstandar på bortebane.

Magne