Uavgjort i seriepremieren!

Facebook
Facebook
INSTAGRAM

SK Herd – FK Fortuna Ålesund
1.serierunde 2.divisjon avd.6 – 07.04. Amfi Moa Stadion.

Endeleg var det slutt på trening og treningskampar, no var det klart for den etterlengta seriestarten.
Lokalderby mot Herd betyr alltid innsats, duellspel, dødballar og lite finspel.
Dagens seriepremiere skulle ikkje bli noko unntak.

Resultat : 0-0.
Gule kort : Ingen.
Dommar : Ane Serine Dimmen, Volda TIF.
Tribune : ca. 180 tilskodarar.

Slik starta vi : 1-4-3-3.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Mette O. Muri(K), Kristine Gulbrandsen
Solveig Engås, Oda Tennfjord og Nora M. Ferstad
Kari Skovly, Anna Brenne, Ingrid Vatne

Innbytte :
-57min. Oda ut og Vilde Kroken inn.
-73 min. Nora ut og Martine A. Olsen inn.
-75min. Anna Brenne ut og Daniela D. Gudnadottir inn.

Kampen :
Vi startar seriepremiera godt i dag og får eit iniativ det første kvarteret,
utan at vi skapar noko store ting å berette om.
Etter kvart kjem Herd meir med i kampen og det blir stort sett stillingskrig ein periode utover.
Herd er småfarlege på eit par dødballar, utan at det blir tellande resultat.
Mot slutten av omgangen tek vi meir over igjen, og skapar nokre mulighetar.
Kari med avslutning i tverrleggaren, Anna med tunell i 16 meteren og i god skuddposisjon
som vel å spele frå seg ballen, og Oda med avslutning frå 16 meter etter godt spel
er vel det som det er å fortelje om av ok mulighetar for oss.
Skal ein bruke boksespråket, kan ein vel seie at vi «vinne» førsteomgangen 10-8 på poeng.

Vi er bra fornøgde med tingenes tilstand i garderoba, men ynskjer sjølvsagt at vi skal
beherske ballen endå betre i andreomgangen.

Etter sidebytte kjem vi på «helane» frå starten av, der Herd i motvinden pressar oss
høgt i bana. Vi er upresise og spelar på oss brudd gang på gang på eigen banedel.
Heldigvis klarar ikkje Herd å utnytte våre feil.
Etter kvart får vi meir kontroll over kampen igjen og det jamnar seg ut,
der ingen av laga klarar å verkeleg ta tak i kampen i midtperioden av omgangen.
Det skjer ekstremt lite farleg framfor måla til nokon av laga i denne omgangen.
Herd får ein ok mulighet når Bjørlykhaug dreg seg forbi litt skrått inne i 16 meteren,
men ho avsluttar i nettveggen. Vår einaste mulighet kjem i det 85. minutt,
då Ingrid slår ein perfekt dødball, men Mette og Daniela som er heilt frie på bakre stolpe
klarar ikkje å komme på ballen.
I ein særs sjansefattig kamp, så ebbar det til slutt ut med eit heilt ok 0-0 resultat.

Kaptein Mette om kampen :

Kampen ble slik som alle andre kamper mot Herd, med mye kriging, dueller og dødballer.
Synes vi kommer godt i gang og er klart best i første omgang, uten å skape de store sjansene.
Andre omgang er det Herd som presser oss litt bakpå, men de skaper ikke noen store farligheter de heller.
Et greit resultat å ta med seg videre for oss, selv om vi så klart hadde håpet på 3 poeng!
No ser vi frem til ei fin uke i Tyrkia, der vi skal få jobbet godt både på og utenfor bana😊

Trenarkommentar :
Vi kan vel berre slå fast med ein gang at for nøytrale tilskodarar, så vart dette ikkje akkurat
festfotball. Ballen var vel i periodar meir ute av spel, enn den var i spel.
Kriging, kjemping, innkast, frispark og balltap beskrive vel kampen ganske bra vil eg tru.
Etter ei variabel oppkøyring for vår del, og spesielt etter svake kampar forrige helg, så
måtte vi denne veka ta grep i forhold til korleis vi skulle framstå i dagens seriepremiere.
Vi måtte rett og slett erkjenne at på noverande tidspunkt så er vi ikkje trygge og gode
nok til å spele slik vi ynskjer. Vi ynskjer i stor grad å bruke ballen i laget for å spele
offensiv og angrepsvillig fotball. Her og no-situasjonen gjorde at vi måtte gå over til
å satse på trygghet defensivt og spele med mykje mindre risiko offensivt.
I forhold til å bli tryggare defensivt lykkast vi 100 % i dag !
Vi står i mot Herd sine dødballar og Herd har ikkje ein skikkeleg stor målsjanse i kampen.
Offensivt hadde vi sjølvsagt håpa på at vi sjølve skulle klare å skape meir, men det er ikkje mange
farlighetar vi heller skapar framfor Josefine i Herd-målet.
Hovudgrunnane til at vi ikkje lykkast offensivt er at vi først og fremst ikkje beherskar ballen godt nok,
og at samhandlinga offensivt ikkje stemmer mellom spelarane.

No tek vi med oss dette poenget i ein tøff bortekamp, så skal vi bruke dei neste veke til å utvikle
det offensive spelet vårt samstundes som vi behelde tryggheten bakover.
Ei veke i Tyrkia på treningsleir vil vere meget nyttig i forhold til dette.

Jentene skal ha skryt for å mestre mange delar av kampplanen og jobbe hardt i dag,
på ein dag då ting ikkje «flyte» i det offensive spelet vårt.
Eg gjeve ei lita ekstra stjerne i boka for Marthe sitt keeperspel i dag, som ikkje må i aksjon
med dei store redningane, men opptrer med stor ro og trygghet i målet vårt.

No reiser vi onsdag til Tyrkia på treningsleir, før vi spelar neste seriekamp
på heimebane lørdag 27.april.

Magne

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund