Molde – FK Fortuna Ålesund

Treningskamp Aker stadion 17.02.18

Som forventa var det eit betre å tøffare Molde-lag å møte under strålande speleforhold
på Aker stadion i dag, enn kva det var i storsigeren på heimebane for 3 veker sidan.

Tribune : Ca. 40 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda S. Tennfjord, Helena Vattøy
Mette O. Muri(K), Anna Fjørtoft
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Kari Skovly
Katarina Sunde

Innbytte :
– 45min. Kari ut og Ingrid Vatne inn.
– 45min. Oda ut og Kristine Gulbrandsen inn.
– 45min. Vivian ut og Nora M. Ferstad inn.
– 45min. Katarina ut og Eva Hormazabal inn.
– 45min. Anna ut og Ida Kroken inn.
-70min. Camilla ut og Kari inn igjen.

Slik kom måla :
– 1-0 25min. Etter ein dødball rykker vi ut med heile laget utan press på ballførar. Då spelar Molde ein ball inn bak oss,
der Moldespelaren åleine med keeper lobbar ballen over Marthe og i mål.
– 1-1 28min. Dagens høgdepunkt ! Ein strålande overgang der Mette til slutt spelar gjennom Katarina, som avsluttar
med eit meget godt skudd i lengste hjørne.
– 2-1 43min. Vi sleivar i eigen boks då vi skal klarere eit Molde-innlegg. Ballen havnar i beina på ein Molde-spelar
som set ballen sikkert i mål frå 12-13 meter.
-2-2 51min. Ida får tid og rom og fossar gjennom Moldeforsvaret. Keeper kjem susande ut og tek Ida og dommaren
dømmer straffespark. Cecilie set straffa kontant og sikkert i mål.
– 3-2 55min. Camilla kjem seg fri på høgrekanten og slår eit innlegg som til slutt havnar i beina på Nora på ca. 10 meter.
Nora brukar «feil fot»(høgrefoten) og skyt ballen i mål heilt nede i nærmaste hjørne.

Kampen :

Førsteomgangen i dag er langt under pari, so ærlege må vi vere !
Vi som lag leverer ikkje på eit einaste av dei punkta vi har hatt fokus på og jobba med på treningsfeltet.
Defensivt heng vi ikkje saman og offensivt er det utruleg upresist i store periodar.
Det er lov å gjere feil, men det er ikkje lov å rusle rundt ute på bana utan trykk og intensitet.
Molde er ikkje fantastiske, men dei leiar fortjent 2-1 til pause.
Andreomgangen er mykje betre ! Spesielt dei første 20 minuttane etter sidebytte,
så køyrer vi kampen totalt og snur resultatet i til vår fordel.
Friske innhopp frå benken, og ein heilt anna intensitet i spelet er hovudårsaka.
Der vi «rusla» i første omgangen, så spurtar vi oftare etter pause.
Marte solid i målet og meget gode innhopp av Nora og Eva var dei beste i dag !

Status etter 3 treningskampar mot god motstand er at vi skårar meir enn nok mål – 12 mål på 3 kampar,
utan å ha jobba noko med det offensive spelet vårt så langt i oppkøyringa.
Det som bekymrar meir er at vi etter å ha jobba svært mykje med det defensive spelet vårt, så har vi
8 baklengs mål. Det er ALTFOR mykje !
Uansett er det kjekt og gledeleg å slå ein tøff konkurrent, på ein dag der vi føler at vi har mykje å gå på !
Om 2 veker set vi kursen for Trondheim der vi skal spele mot både Byåsen og Trondheims Ørn 2.

Magne