SK Herd – FK Fortuna Ålesund
2. runde NM J19, Amfi Moa stadion 18.06.18.

Resultat : 1-0(1-0).
Gule kort : Vivian Saadi.
Dommar : Øystein Ytterland, Valder IL.
Tribune : Ca. 100 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei(K), Mathea Dahle, Kristine Gulbrandsen
Vilde Kroken og Nora M. Ferstad
Line Magerholm, Martine A. Olsen, Kari Skovly
Vivian Saadi

Innbytte :
-60min. Line ut og Kristine Ødegård inn.
-70min. Martine ut og Frida Hareide inn.

Mål :
-1-0 39min. Etter litt fram og tilbake, så kjem til slutt Herd sin spiss fri i 16 meter og får avslutta heilt oppe i hjørnet.

Kampen :
Det vart ein svak fotballkamp på Amfi Moa mandag. I ein kamp der det var langt mellom dei store målsjansane, så var det Herd som drog avgårde med sigeren, etter å ha skåra på sin einaste klare sjanse i kampen. Heller ikkje vi klart å skape all verden, det vart med ein stor målsjanse i kvar omgang. Kampen bestod stor sett i kjemping og kriging, utan noko form for finspel. Med 90 minuttar i beina på fleire av våre sentrale spelarar dagen før, så mangla vi som lag nok energi i denne kampen. Herd ville kansje litt meir enn oss, og i ein kamp som kunne bikka begge veiar, så er det ikkje noko å seie på at Herd vann 1-0 til slutt.

Med dette så vart det ikkje noko nytt J19 eventyr på oss i år. Det hadde vi heller ikkje forventa, då vi stiller eit mykje yngre lag i år.

Magne

Kategorier: Nyheter