Herd – FK Fortuna Ålesund
2.runde NM J19 19.06. Amfi Moa stadion.

Resultat : 3-1(0-1).
Gule kort : Amalie E. Sandvik.
Dommar : Tove Marie Tandstad(Velledalen og Ringen)
Tribune : Ca.100 tilskodarar.

Mål :
-0-1 23min. Vi småspelar nede på vår venstre side, før Nora svingar inn ei godt legg i boks.
Amalie legge press på keeper som mistar, og då puttar ho ballen i mål frå 4-5 meter.
-1-1 62min. Herd har kast nede rundt vår 16 meter. Birgitte Bjørlykhaug får ballen i beina
vendar av vår spelar og skyt i mål.
-2-1 81min. Ein Herdcorner treffe vår tverrleggar, der vi gleppe i markeringa og
Carmen Hoseth skårar frå bakre stolpe.
-3-1 90min. Nede ved cornerflagget spelar vi ballen rett i beina på Bjørlykhaug
som frå skrått hald skyt i mål.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde(K)
Stine O. Muri, Vilde Kroken, Kristine Gulbrandsen, Ellijanne Anderson
Amalie E. Sandvik og Solveig Engås
Sanna Aslaksen, Martine A. Olsen, Nora M. Ferstad
Anna Brenne

Innbytte :
-65min. Sanna ut og Daniela D. Gudnadottir inn.
-82min. Ellijanne ut og Jenny Fylling inn.

Kampen :
Kort og greit, så var ikkje dette i nærheten av ein slik prestasjon ein kan forvente av eit Fortunalag.
Før pause er vi klart best, Herd er knapt nær målet våret(utanom ein gang då Marthe reddar) og vi
bør leie meir enn 0-1 til pause. Ein solid gjennomført førsteomgang.
Etter ei positiv og flott pause, så ser eg ikkje andreomgangen komme slik den vart.

Vi er tafatte og tek valg som er til tider heilt uforståelege.
Herd pressar oss høgare i bana, noko vi ikkje taklar.
Vi gjeve vekk fleire sjansar i mot, samstundes har vi sjølvsagt også eit par enorme sjansar sjølve
(blant anna i stolpen) der vi burde punktert kampen.
Til slutt utnytta Herd våre svake involveringar og straffar oss nådelaust.

Dette var ikkje slik vi ville avslutte vårsesongen.
At det må jobbast hardt og tøft på alle frontar inn mot høstsesongen er ikkje nokon tvil !

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund