FK Fortuna Ålesund – KIL/Hemne
2.runde NM damer – 15.05. Aksla stadion.

Resultat : 4-2 etter ekstraomgangar(0-2 til pause og 2-2 etter ordinær tid).
Gule kort : Vilde Kroken + 2 til K/H.
Dommar : Kristoffer Nevstad, Aksla IL.
Tribune : Ca.110 tilskodarar.

Mål :
-0-1 36min. Vi mistar ballen på eigen halvdel. KH kjem seg rundt på vår venstre side og slår inn
i feltet der ein KH-spelar får avslutte i mål frå 11-12 meter mot eit passivt Fortunaforsvar.
-0-2 43min. Igjen mistar vi ballen, denne gangen på 18-20 meter frå eige mål.
KH-spissen stjele ballen og fossar mot Marthe og skårar sikkert.
-1-2 66min. På ein corner vi har ser dommaren noko ulovleg i feltet og dømmer straffe.
Anna set straffa sikkert i mål.
-2-2 76min. Vi leverar eit strålande angrep der Ellijanne, Mette og Kari kombinerar på høgresida.
Kari fossar til slutt forbi backen sin og slår eit godt innlegg, der KH-stopparen set ballen
i mål under sterkt press frå Anna.
-3-2 100min. Igjen leverar vi eit strålande etablert angrep, der Ingrid til slutt blir hekta i feltet
og får ei korrekt straffe. Anna er sikker på straffe nr. to !
-4-2 112min. Ein corner frå Nora havnar til slutt i beina til solveig som skårar sikkert frå bakre stolpe.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Ellijanne S. Anderson, Mette O. Muri(K), Kristine Gulbrandsen, Nora M. Ferstad
Cecilie Otterlei og Oda Tennfjord
Kari Skovly, Solveig Engås, Ingrid Vatne
Anna Brenne

Innbytte :
-28min. Cecilie ut og Vilde Kroken inn.
-69min. Oda ut og Stine Reite inn.
-105min. Kari ut og Ellijanne Anderson inn.
-113min. Solveig ut og Martine A. Olsen inn.

Ellijanne fekk sin første Fortunakamp frå start i denne kampen
og leverte ein flott debut !

Kampen :
Vi er ikkje på «stasjonen» då dommaren bles i gang kampen og eit aggressivt bortelag
går rett i strupen på oss. Vår «medisin» er å spele på oss brudd på eigen halvdel, og bidra
til at KH får ryste oss litt det første kvarteret. Dei får ein stor målsjanse som Marthe reddar, i tillegg til
eit par nestesjansar som vi til slutt får kontroll på.
Når det byrjar å nærme seg 20 spelte minuttar klarar vi å få meir og meir kontroll på kampen.
Vi får også ein vanvittig mulighet etter 20 minuttar, då Mette får stå åleine på 6 meter etter ein corner
og skyt over mål. No følar vi at vi har bra kontroll på kampen og får satt opp fleire gode angrep.
Dessverre gjev vi vekk to særs enkel baklengsmål til KH i løpet av dei siste 10 minuttane før pause.

I pausa er vi ikkje veldig fornøgde med at vi ikkje har teke «krigen» i stor nok grad, og tapar for mange
duellar til å få kampen slik vi ynskjer. Vil vi vidare i NM og vil vi halde «fort Aksla» inntakt ?

JA, er svaret frå spelarane i andreomgangen !

Etter å ha kriga til oss styringa i kampen, så er vi det klart beste laget denne omgangen.
Vi skapar fleire store sjansar, men må vente til vi får straffe etter 66 spelte minuttar, før
vi får satt den første ballen i mål.
No fortsette vi å jakte utlikning og får den til slutt.
Sjølv om vi kan avgjere i ordinær tid, så blir det ekstraomgangar.
Vi fortsette å vere klart beste i ekstraomgangane og når vi får 3-2 skåringa
ca. 10 minuttar ut i 1.ekstraomgang, då har vi eigentleg veldig god kontroll på dette.
Til slutt kan vi juble etter ein deilig siger etter 120 spelte minuttar !

Kaptein Mette om kampen :
For en kamp !
Vi er ikke på fra start, taper stort sett alt av dueller, gir nærmest vekk to baklengsmål og går til pause med 0-2 i sekken.
Men heldigvis har vi en omgang å gjør det på. Vi går i oss selv alle mann og begynner virkelig å krige og jobbe for hverandre, som resulterer i to fortjente scoringer i andre omgang.
I ekstraomgangene er det mange slitne bein, men vi klarer å ta ut det siste og får satt to deilige skåringer.
Så utrolig stolt over måten vi klarer å snu dette på !
På en dag der vi verken er på topp defensivt eller offensivt, viser vi en enorm moral og vinnervilje til å klare å snu det i lag!
No blir det godt med noen fridager, før vi setter fokuset inn mot en topp-prestasjon mot Trondheims-Ørn neste helg 😊

Trenarkommentar :
Dette er jo fotball på sitt beste – «frå djupe dalar til høge fjell», ei følelsesmessig berg og dalbane.
Å stå igjen som vinnarar etter ein slik kamp er ein fantastisk følelse !
Kansje var vi litt for komfortable frå start ? Kansje var vi ikkje tydeleg nok i bodskapet i forhold til kampplan ?
Kansje trudde spelarane at vi no er så bra at vi kan vinne utan å duellere 100 % ?
Uansett – ein betre mulighet til læring enn kva vi fekk i denne kampen får ein ikkje.
Å kunne slå tilbake, å kunne endre kampbildet, å kunne hente opp eit 0-2 underlege,
det viser karakter, mentalitet og haldningar. Det skal spelargruppa ha stor skryt for !
Dette hadde vi kansje ikkje klart tidlegare – har vi teke nye steg ?
Ein betre kamp i forhold til læring og utvikling, det trur eg vi ikkje kunne fått på noverande tidspunkt.
All denne erfaringa og læringa skal vi bearbeide og ta med oss vidare.

No skal spelarane få nokre dagar fri, før vi løftar blikket mot ein særs spennande periodar
med toppkampar i serien på rekke og rad.
Bring it on ! 😊

Oppsettet for 3.runde kjem tirsdag 21.mai. Vi er det einaste 2.divisjonslaget som er framleis med i cupen,
saman med 10 Toppserielag og 5 lag frå 1.divisjon. Vi håpar NFF brukar sunn fornuft, let cup vere cup og
gjev oss eit toppserielag på heimebane 😊

Neste kamp for oss no er mot Trondheims Ørn 2 lørdag 25.mai på Aksla kl.18.30(merk tidspunkt).

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund