Vann første matchball!

EMAIL
Facebook
Facebook
INSTAGRAM

FK Fortuna Ålesund – Innstranden IL

1.kvalifiseringskamp til 1.divisjon plass.

Etter å ha venta i 3 lange veker etter at seriemeisterskapet vart sikra, så var det endeleg tid for den første kvalifiseringskampen i dag. Etter eit frykteleg vær i helga med store menger nedbør og mykje vind, så viste igjen “værguden” seg frå si beste side.
Då kampen skulle starte vart det flotte forhold, og Akslamatta viste igjen klasse !

Tribune : Ca. 200 tilskodarar.
Dommar: Håkon Javier Tronstad(MSIL).
Gule kort : Mette O. Muri.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Lisa Raknes
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Katarina D. Sunde, Vivian Saadi
Malin Sunde
Innbytte :
– 65min. Vivian ut og Kari Skovly inn.
– 80min. Ida ut og Anna Fjørtoft inn.
– 80min. Stine ut og Helena Vattøy inn.

Slik kom måla :
– 1-0 51min. Vivian slår ein perfekt corner der Mette stig til værs og heddar ballen
i mål utagbart for keeper frå 6-7 meter i lengste hjørne.
– 2-0 57min. Igjen viser Vivian fram sin gode cornerfot, og denne gangen landar ballen i bakre sone der Cecilie får gå opp åleine og heddar ballen tilbake i lengste hjørne.
– 3-0 66min. Mette vinn ballen og spelar igjennom til Malin som kjem seg fri og skjer inn mot mål og set ballen i mål under keeper frå 7-8 meter.
– 4-0 73min. Vi rullar opp eit godt angrep frå vår høgreside, der ballen til slutt landar hos Katarina som får avslutta frå litt skrått hald, keeper reddar med returen går rett ut i beina på Mette som sikker kan breiside ballen i mål frå 10-11 meter.
– 5-0 75min. Malin kjem seg fri i 16 metere og blir lagt i bakken. Cecile steppar opp og set straffa kontant og presist i mål i hjørnet.

Kampen :
Førsteomgangen i dag er det ikkje så mykje å skrive om. Vi startar heilt ok dei første minuttane, før det blir ein omgang der det periodevis ser ut som eit VM i “upresisitet”. Vi er jo uansett klart best, eller minst dårlig om du vil.
Vi har ein stor målsjanse då Camilla ca. midtvegs i omgangen blir spelt åleine med keeper frå litt skrått hald, men dessverre går avslutninga midt på keeper.
Ellers skapar vi ein del dødballar og 4-5 nestensjansar.
Innstrandens er ikkje ofte nært målet vårt, men har ein god mulighet mot slutten av omgangen, men avslutninga går like over.
I pausa er vi ikkje ueinige om at vi må opp både med presisjon og aggressivitet,
og ikkje minst må vi ha ein meir offensiv tankegang.

Heldigvis tek kaptein Mette saka i eigne hender, då ho heddar oss i ei særs deilig 1-0 leiing etter berre gode 5 minuttar av omgangen.
Etter dette er det TOTAL overkøyring resten av omgangen !
Vi er ikkje fantastiske, men vi klarar å forbetre dei punkta vi prata om i pausa og så er det jo slik i fotball at mål ofte pregar kampar.
Det er rett og slett klasseskilnad på laga etter pause i dag, og med endå større presisjon i sistefasen, så kunne vi fort ha putta på eit par mål til.
Innstrandens slite med å komme seg over på vår halvdel i store periodar.
Kort tid før slutt får Innstranden ein stor målsjanse, men då ryddar Lisa opp strålande.

5-0 sigeren i dag er den med neste største sigersmargin i ein slik kvalifiseringskamp på dei siste 8 åra !
Kun Fløya sin 6-0 siger på heimebane mot Fyllingsdalen i 2015 er større.

Kaptein Mette sin kommentar :
Vi starter kampen egentlig ganske bra, hvor vi har et trykk på de dei første 10 minuttene. Resten av omgangen var det to lag med høye skuldre, så det handlet mye om kriging og vilje. Andre omgang er alt anna enn det den første var!
Vi ser mer ut som er fotballag og ruller opp det ene angrepet etter det andre og tilslutt får vi også uttelling. Vi styrer omgangen fra start til slutt og tar med oss 3 viktige og fortjente poeng og en solid målforskjell videre i kvalikkspillet!
Er utrolig stolt over den mentaliteten og viljen jentene viser i andre omgang i dag. Bare halve jobben er gjort, og vi skal nå reise til Larvik for gi alt borte mot Nanset og sikre opprykket !

Pål Anders Halliday fekk fortjent ros for å ha lagt ned ein fantastisk innsats på Aksla i år, slik at stadion og grasmatta framstår strålande !

Ingrid har flytta til Trondheim for studiar og blir truleg Byåsenspelar etter sesongen. I dag fekk ho fortjent oppmerksomhet etter 4 sterke år i klubben.

 

Magne sin kommentar :
Etter å ha sprudla på treningsfeltet den siste veka, så er det ikkje godt å seie kva som “traff” oss både på oppvarminga eller i førsteomgangen i dag. Vi verkar rett og slett energilause og var frykteleg upresise med ball. Kanskje var det nervane ?
Uansett slo spelarane frykteleg tilbake i andreomgangen, og leverte ein av dei mest suverene kvalifiseringskampane i historia til slutt !
Dette var vår 8 strake siger på vegen mot 1.divisjonsspel, og det var då også vår 8 “cupfinale”.
Alle desse 8 kampane er kampar vi har måtte vinne, om ikkje ville det vere over og ut med opprykksdraumen. Samstundes har vi også vunne 3 cupkampar i denne perioden, det vil seie 11 strake sigrar. Det er imponerande !
Den viktigaste “cupfinalen” gjenstår neste søndag !
Med siger i dag, så kan vi no avgjere det heile om vi slår Nanset(Larvik) borte neste søndag.
Med uavgjort eller tap, så vil det bli ein siste kamp mellom Innstrandens og Nanset.

No skal vi nyte denne sigeren i kveld, så skal vi evaluere, justere og gjere ein god jobb inn mot Nanset neste helg, slik at vi framstår endå skarpare og klarar til å gjere jobben for å rykke opp. Vi leverar ein solid lagprestasjon i dag, men eg gjev ei ekstra stjerne i boka til Camilla og kårar kaptein Mette til banas beste spelar !

Kampen mot Nanset går søndag 5.11. mest truleg kl.15.30.

 

Magne

Hjelp oss å spre budskapen! Lik oss! Del oss!