FK Fortuna Ålesund – Molde
17.serierunde 2.divisjon.

Alt låg til rette for ein dramatisk og nervepirrande fotballfest på Aksla i dag.
Rammene var fantastiske, med ei nydeleg grasmatte, ca. 400 tilskodarar og ein kamp
som mest truleg ville avgjere kven som vinn serien og får spele kvalifisering for 1.divisjon.

Tribune : Ca. 400 tilskodarar.
Dommar: Steinar Hjelle(Sunnylven IL).
Gule kort : Ingen !


Slik starta vi :
 4-2-3-1.
Lisa Raknes
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Katarina Sunde, Vivian Saadi
Malin Sunde

Innbytte :

– 65min. Vivian ut og Kari Skovly inn.

– 72min. Camilla ut og Ingrid Vatne inn.

– 88min. Katarina ut og Nora Ferstad inn.

Slik kom måla :
– 1-0 61min. Vi får spelt ballen opp i beina på Malin. Ho flikkar Katarina åleine med keeper. Katta kjem på ballen før keeper, vippar den forbi ho, og i det 2 Moldespelarar ser ut til å rekke ballen, så kastar Katarina seg inn og får kjempa ballen i mål.
– 2-0 53min. Camilla fossar opp på kanten, kjem seg til dørlinja og slår eit hardt innlegg langs bakken, som Malin frå 5-6 meter berre kan breiside i mål.
– 3-0 68min. Vi får spelt ut til Kari på venstrekanten, som går litt inn i bana før ho ser Ingrid A komme susande forbi på utsida. Kari spelar Ingrid A strålande igjennom, ho går til dørlinja og legge ut 45 grader til Malin som avsluttar fantastisk i mål med venstrefoten frå 7-8 meter. NYDELEG ANGREP! ?
– 3-1 76 min. Moldespissen blir spelt igjennom, klarar å kome seg fri og skjer inn framfor mål og skyt via ein Fortunaspelar og i mål.
Kampen :
Som forventa vart dette ein kamp med tøffe duellar, stor intensitet og høg temperatur.
Dette var ikkje dagen for finfotball, til det stod det alt for mykje på spel for begge laga.
Vi startar ikkje kampen slik vil hadde planlagt, vi er litt for passive og spelar på oss for mange enkle brudd
i farlege situasjonar. Det kunne fort ført Molde i leiinga. Heldigvis har vi ein meget god Lisa i mål i dag !
Samstundes skapar vi ein del framover, der det kun er små marginar som gjere at det ikkje blir fleire store målsjansar.
Etter nesten halvspelt førsteomgangen slår duoen Sunde og Sunde til, og med ein enorm fighting, så kjempar Katta oss
i ei fantastisk deilig leiing !
Vi får betre kontroll utover i omgangen, men Molde er farlege og skapar eit par nye store sjansar.
Vi har mest spel og flest nesten sjansar før pause, medan Molde har flest store målsjansar.
 Vi er litt heldige totalt sett som leiar til pause, so ærlege må vi være, då Molde har nokre meget store målsjansar !Difor er vi ikkje kun fornøgde i pausa, vi har for ofte godt vekk frå kampplanen, difor veit vi alle at vi må gjere små justeringa til andreomgangen. Dette responderar spelarane strålande på !
I andreomgangen er vi mykje betre, spesielt fram til vi får 3-0 leiinga vår ca. midtvegs i omgangen. Vi skårar to mål rett ut av “læreboka” som vi ynskjer å spele angrepsfotball på, og akkurat der vi hadde jobba med å angripe Molde. Siste delen av omgangen får begge laga nye mulighetar å skåre på, men vi har ei fantastisk Lisa i mål i dag, som ryddar opp gang på gang. Til slutt får Molde ei redusering  eit lite kvarter før slutt. Dette gjere at siste delen blir unødvendig hektisk, men vi dreg det til slutt i land på ein deilig måte !

Kaptein Mette sin kommentar :

SÅ J…. DEILIG!!!! Første omgang vil jeg si er ganske jevnt spillemessig, med mye dueller og kriging. Andre omgang prøver Molde å slå mye langt, og får trygt litt oss bakover i en periode. Vi ligger tett og kompakt i forsvar og vinner de fleste av disse ballene. Vi ser også når vi tørr å holde på ballen og gjør det vi trener på, at vi ruller opp noen gode angrep!
En fortjent og ufattelig deilig seier!!! Så utrolig stolt over den innsatsen jentene legger ned i dag 
?
Kommentaren :
Kva skal ein seie om dette ?
Vi leverar ingen fantastisk fotballkamp i dag, men for eit press på spelarane.
Vi MÅTTE vinne i dag om opprykksdraumen skulle leve vidare, med tap hadde sesongen vore over.
For 4 serierundar sidan leia Molde tabellen med 7 poeng, no leiar vi med 1 poeng før siste serierunda.
Vi var ufatteleg langt nede etter å ha kasta vekk poeng i Sunndalen for 5-6 veker sidan. Alle trudde vel innerst inne at dette
var avgjort og at Molde ville ta sigeren i land. Måten vi har løfta oss på, teke kamp for kamp og lagt ned ein solid jobb på
treningsfeltet har vore formidabel. Dette til tross for at vi har hatt mykje sjukdom og skadar i det siste, noko som har skapt litt utfordringar, men då har nye spelarar teke ansvar.
Vi har vunne SAMTLEGE 9 heimekampar i årets sesong, med målskilnaden 38-5 !
Vi har møtte Molde 3 gangar i år :
Vunne 3-1 heime i NM J19, spelt uavgjort 0-0 på bortebane i serien og vann i dag
3-1 på heimebane. Då har vi teke 7 mot Molde sitt 1 poeng av totalt “9 poeng” i dei 3 innbyrdes oppgjera, då er det i
i grunnen ikkje noko å diskutere kven som er fortjente vinnarar av 2.div. avd. 6, om vi gjere jobben vår på bortebane
mot Nidelv neste helg.  Eg har sagt det før og seier det igjen, Molde er eit godt fotball-lag !
Jentene legg ned ein formidabel laginnsats i dag, og i tillegg har vi matcvinnarar i begge endane av bana !
I kveld skal vi nyte denne sigeren, før vi startar jobben inn mot Nidelv neste helg.
Vi veit at vi ikkje får noko gratis, og må levere varene om vi skal få dei 3 poenga vi treng for å bli seriemeisterar.
I kveld er eg ufatteleg stolt over denne fantastisk gjengen med seriøse og dyktige fotballjenter ?
  • Kampen vart utsatt i 15 minuttar i dag, då Molde ikkje hadde fått med seg at vi har heilblåe drakter.
           Det gjorde at Molde måtte bruke våre raude borteshortsar og sokkar, som måtte lyntransporterast frå Langevågen ?
Magne