Forrige veke, mandag til onsdag, arrangerte vi sommarproff for unge lovande jenter i kull 2005 og 2006(13 og 14 år).

To treningar mandag og tirsdag og ei fotballøkt onsdagen. 32 spelarar deltok frå 11 ulike klubbar.

Magne Elde(hovudtrenar) og Eirik Hoseth(sportsleg leiar) saman med spelarane Mette Muri, Oda Tennfjord og Marthe Bjørhovde hadde hovudansvaret for øktene.
Tirsdag hadde vi også besøk av Fortuna sin fysio og fysisk trenar, Line Stenstad, som køyrde ei økt med jentene med hovudfokus på skadeforebyggande trening.
Onsdagen fekk vi besøk av Monica Knudsen, Vålerenga sin hovudtrenar. Ho prata litt med jentene og snakka litt om kva som skulle til for å bli god.Takk til Monica for eit nyttig og flott besøk !

Sommarproffen vart avslutta med at jentene såg NM-kampen mellom Fortuna og Vålerenga saman med over 800 andre tilskodarar.

Vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå klubbane og jentene og her er ei av dei 😊

Hei.
Fikk veldig gode tilbakemeldinger fra våre jentene på opplegget dokkers ! Bra at jentene får sånne tilbud !
Særlig bra at det også var fysio tilstede en av dagene, og hadde slik jeg forstod det litt om skadeforebyggende trening
Bra opplegg også rundt Fortuna kampen mot Vålerenga – artig å se at så mange tilskuere kom for å se kampen !

Jentene jobba godt desse dagane og det var kjekt å sjå den gode kvaliteten !

Stå på vidare 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund