Då er vi trygt tilbake på norsk jord, etter ei fantastisk flott veke i Tyrkia.
Tirsdag avslutta vi treningsleiren med å spele kamp mot det islandske toppserielaget KR.

KR Reykjavik – FK Fortuna Ålesund
Treningskamp – 16.04. Belek
.

Resultat : 1-0(0-0).
Gule kort : Vilde Kroken.
Mål : 1-0 85min.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Mette O. Muri(K), Kristine Gulbrandsen, Nora M. Ferstad
Solveig Engås og Oda Tennfjord
Kari Skovly, Martine A. Olsen, Ingrid Vatne
Anna Brenne

Innbytte :
-55min. Oda ut og Vilde Kroken inn.
-55 min. Stine ut og Ellijanne Anderson inn.
-72min. Martine ut og Stine Reite inn.
-72min. Kari ut og Sanna Aslaksen inn.

Kampen :
Ein meget godt gjennomført kamp frå vår side mot eit godt lag.
Vi har mest ball i kampen og framstår med nokre få unntak
botnsolide defensivt. Før pause får KR ein gigantisk sjanse på
ein overgang, men til slutt reddar Mette ballen på streken.
Vi visar periodevis flott kombinasjonar og skapar ein del bra mulighetar
før pause ved blant anna Ingrid, Solveig og Martine.
Etter sidebytte er vi klart best og bør gå i leiinga etter 2-3 store sjansar.
Dessverre er det KR som utnyttar ein corner på beste måten, og
får hedda seg i leiing på sin første sjane i omgangen kun 5 minuttar før slutt.
I ein god fotballkamp vinne då KR til slutt.

Kaptein Mette om kampen og opphaldet :
Vi har lagt bak oss ei fantastisk uke både på og utenfor bana. Vi har fått jobbet godt med mange deler av spiller vårt, der det offensive har vært hovedfokus.
Utenfor bana har vi hatt ulike aktiviteter og vi har virkelig blitt utfordret på å by på oss sjøl.
Uka ble avsluttet med en god kamp, der vi hadde fokus på prestasjonen og få til det vi har trent på.
Jeg synes vi gjør en god kamp, der vi tørr å vise oss frem og byr på oss sjøl.
Det var et stort steg i riktig retning og vi skal fortsette der når vi skal kjempe om enda flere poeng !
Vil takke alle for ei kjempefin uke 💙

Trenarkommentar :
Etter 9 økter i beina er det alltid spennande å sjå korleis spelargruppa
responderar på å skulle gå i kamp. Responsen var definitivt positiv frå spelarane og eit signal og bevis på at vi har
funne ein god treningsbalanse på leiren i forhold til innhald og intensitet.
Kampen mot KR frå Island som held godt norsk 1.divisjonsnivå er utan tvil årsbeste frå vår side.
Vi framstår igjen botnsolide defensivt, samstundes som vi ser at vi også er på rett veg offensivt.
Periodevis får vi satt opp gode offensive relasjonar og vi skapar nok målsjansar til å vinne kampen.
Dessverre gleppe vi på ein corner 5 minuttar før slutt.
Uansett tek vi med oss dei positive følelsane og den gode prestasjonen vidare.
Laginnsatsen var meget god, fleire enkeltspelarar stod fram og aller best og kampens gigant var kaptein Mette.

Treningsleiren har våre meget bra og viktig for vår del.
Det har handla om å få jobba med ulike spelfasar, om å få satt identiteten i spelet vårt godt nok,
og å få spissa formen til seriespelet rullar for alvor etter påske.
Samstundes og kansje like viktig har det handla om å bygge relasjonar utanfor bana,
om å lære kvarandre endå betre å kjenne og å gjere kvar enkelt endå tryggare i gruppa.

Spelarar og støtteapparat har utan tvil levert på eit høgt nivå !
Vi tek den gode følelsen inn i påskeferien, og kan nesten ikkje vente på
at årets første heimekamp skal spelast neste helg 😊

Vi spelar årets første heimekamp lørdag 27.april kl.14.00 mot Sunndal.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund