Vi er særs glade for at vi går ein høstsesong i møte med stor stabilitet i spelargruppa.
Etter ein meget god treningssommar og ein god start på høstsesongen, så er det viktig at vi klarar å
behalde spelartroppen stort sett inntakt.

Vår gode keeper Marthe Bjørhovde(19) frå Nordfjordeid var ferdig med vidaregåande skule
her i byn i sommar, men det er no klart at ho blir i byn og jobbar og fortsette i klubben.
Veldig viktig for oss at vår nr. 1 blir med vidare !

Den einaste spelaren vi mistar i sommar er Helena L. Vattøy.
Helena har i år berre våre med delvis, då ho blant anna har våre ute på reise.
No reiser ho på studiar til Oslo og stoppar på 51 kampar for klubben i denne omgang.
Vi takkar Helena for innsatsen i Fortunadrakt og ynskjer ho lykke til vidare.

Blindheimsjentene Kari Skovly og Stine Reite reiser også på studiar, men vi har fått til
avtalar med begge slik at dei vil vere disponible for oss ut sesongen.
Kari har spelt 62 kampar for klubben og vore meget god den siste tida.
No skal ho studere vidare i Bergen og ha sin treningskvardag i 1.divisjonsklubben Åsane.

Dette seier Kari :
Jeg er veldig klar for å fullføre sesongen med Fortuna og har stor troa på det vi holder på med.
Resultatene de siste kampene viser at vi er i rute, noe som gjør meg ekstra motivert for høstsesongen.
Jeg skal gjøre mitt beste for at vi skal tilbake dit vi hører til; 1.divisjon!

Stine har spelt 69 kampar for klubben og har etter å våre ute på reise i vinter, verkeleg
kome tilbake i god form etter ein meget god sommar. No skal Stine studere i Oslo
og ha sin treningskvardag i 1. divisjonsklubben ØHIL(Øvre Hosle).

Dette seier Stine :
Som Magne har nevnt har vi hatt en god treningssommer, med mange spillere i knallform.
Jeg har derfor ståltro på at vi kan nå målet om kvalik og opprykk denne høsten.
Det vil jeg absolutt ikke gå glipp av, i tillegg til at jeg ikke er helt klar for å forlate den fantastiske spillergruppa enda😉

Kari og Stine vil bli henta heim til dei fleste kampane ut sesongen.

Vi ser fram til ein spennande høst ! 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund

Kategorier: Nyheter