SK Herd – FK Fortuna Ålesund
16. serierunde Amfi Moa stadion 22.09.18.

Som alltid i lokalderbya mot Herd, så vart det også i dag ein tett og jamn fotballkamp på resultattavla. Skulle vi fortsatt ha styringa på tabelltoppen, så var kun siger godt nok.

Resultat : 0-1(0-0).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Tove Marie Tandstad, Velledalen og Ringen FK.
Tribune : Ca. 150 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Josefine Ervik
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora Ferstad
Mette O. Muri(K) og Solveig Engås
Daniela D. Gudnadottir, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Kari Skovly

Innbytte :
-78 min. Daniela ut og Stine Reite inn.

Mål :
– 0-1 87min. Vi vinne ballen sentral i bana. Stine Reite drive framover med ball før ho spelar Ingrid fri ute på kanten. Då er det klart for ein «Vatne/Saadi spesial». Ingrid svingar inn eit god innlegg som Vivian stig til værs på frå rundt 10 meter og heddar ballen strålande i mål over Herd sin gode keeper.

Kampen :
Vi startar kampen bra i dag og følar at vi får ganske tidleg kontroll på kampen. Vi vinne ofte ball, vi har ballen mykje, men vi spelar litt for utolmodig offensivt, slik at det blir litt for upresist. For ofte vel vi å spele på førstebevegelsen. Dette gjere at vi ikkje klarar og skape mange gode målsjansar før pause. Det blir med ein del cornerar( 5 før pause) og eit par nestensjansar.
I det 41. speleminutt får vi frispark rett utanfor 16 meteren frå litt skrått hald. Vivian skyt knallhardt i nærmaste hjørne, der både keeper og ballen havnar inn i Herd sitt mål. Ei soleklar skåring som er langt over streken, noko både video og publikum på linja bekreftar. Dessverre såg ikkje dommartrioen dette. Heldigvis fekk det ikkje konsekvensar til slutt.
Herd skapar særs lite, men på eit innkast ca. midt i omgangen, så sove vi litt og då blir det ein nestemulighet for heimelaget.

I pausa er trua på 3 poeng stor og vi får jobba godt med justeringa i spelet vårt. Etter sidebytte «eige» vi ballen omtrent totalt, og det er svært skjeldan heimelaget er over midtbana med ballkontroll. Vi er flinke i den offensive markeringa, har god balanse i laget og gjenvinne ball ofte. No er vi betre med ball, kjem oss oftare i farlege og gode posisjonar, men kvaliteten i
den siste fasen er ikkje god nok til å skape veldig mykje på heimelaget. Uansett kjem der nokre farlege dødballar, der det blir redda på strek m.m. og det er også ein del nestesjansar. Heimelaget ligge særs lavt og kompakt med omtrent 11 spelarar langt inne på eigen banehalvdel. Då er det heller ikkje lett å bryte dei ned på ei «glatt» kunstgrasbane. Heldigvis har vi Vivian sin X-faktor, som slår til då vi fryktar at kampen skal ebbe ut med 0-0 og poengdeling.

Kun 3 minuttar før full tid, så får vi den magiske, deilige og avgjerande skåringa. Veldig, veldig fortjent !

Kaptein Mette om kampen :
Det ble som ventet en kamp med kriging og mange tette dueller. Vi har full kontroll defensivt i dag og slepper ikke Herd til en eneste målsjanse.
Offensivt har vi mye ball, men sliter å trenge gjennom et godt Herd forsvar og blir litt for upresise. Likevel er det fullt fortjent at vi tar tre poeng !
Er stolt over laginnsatsen og jobben vi legger ned som lag i dag ♥!
Nå frem mot en spennende sluttspurt 😊

Trenarkommentar :
Dette var ekstremt fortjent !
Joda, det er jo relativt jamnt og vi skapar ikkje målsjansar i «bøtter og spann», men likevel er vi det klart beste laget i dag. Herd har ikkje tapt ein einaste kamp på heimebane i år, før dei fekk tapet mot oss i dag. Eg følte meg ekstremt trygg i dag på at spelarane skulle legge ned hardt arbeid, og det gjorde dei til MEGET +. Vi ynskjer jo sjølvsagt å skape meir enn vi gjere offensivt, men fotball er spel motspel og når motstandaren ligge med heile laget bak ballen i god balanse heile tida, så er det heller ikkje noko lett å skape mange målsjansar.
Då er det ofte små marginar som avgjer, og heldigvis viste Vivian igjen klasse på skåringa. Vi må også hugse på at det er svært skjeldan at eit lag skapar 0 klare målsjansar, det gjorde Herd i dag og viser også at vi gjorde ein meget god jobb defensivt. No er vi framleis på tabelltopp og det er opp til oss sjølve å avgjere serien til vår fordel.
Det er eit godt utgangspunkt 2 serierundar før slutt ! 😊

Andre kampar i denne runda er :
KIL/Hemne – Sunndal, 6-0.
Molde – Byåsen 2, 5-2.
Orkanger – Nardo, 1-1.
Surnadal – Trondheims Ørn 2, søndag.

Slik ser tabellen ut 2 serierundar før slutt :

1.Fortuna Ålesund, 37 plussmål, 38 poeng.
2.KIL/Hemne, 40 pluss mål, 36 poeng.
3.Molde, 31 plussmål, 35 poeng.
4.Trondheims Ørn 2, 23 plussmål, 32 poeng.
5.Herd, 27 plussmål, 28 poeng.
6.Orkanger, 23 minusmål, 15 poeng.
7.Surnadal, 21 minusmål, 12 poeng.
8.Sunndal, 23 minusmål, 10 poeng.
——————————————————–
9.Nardo, 36 minusmål, 9 poeng.
10.Byåsen 2, 55 minusmål, 9 poeng.

* Trondheim Ørn 2 og Orkanger med 1 kamp mindre spelt(går søndag).

Neste kamp er lørdag 29.september kl.14.00 heime mot Trondheims Ørn 2.

God helg 😊

Magne