Byåsen 2 – FK Fortuna Ålesund
12. serierunde Byåsen Arena 26.08.18.

Eit Byåsen 2 med årets sterkaste mannskap og med eit desperat behov
for poeng stod på «menyen» i Trønderhovudstaden i dag.
Vi viste det ville bli ei vrien utfordring, og når vi ikkje set sjansane
våre så vart det absolutt det.

Resultat : 0-1(0-1).
Gule kort : Ingen !
Dommar : Maarten Vreugdenhil, Astor Fotballklubb.
Tribune : Ca. 40 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Josefine Ervik
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Kristine Gulbrandsen
Mette O. Muri(K) og Stine Reite
Kari Skovly, Stine Reite, Ingrid Vatne
Vivian Saadi

Innbytte :
– 56min. Ingrid Vatne ut og Daniela D. Gudnadottir inn.
– 65min. Ida Kroken ut og Nora M. Ferstad inn.
– 82min. Stine Reite ut og Vilde Kroken inn.

Mål :
– 0-1 38min. Vivian slår ein innoverskrudd corner som går via ein Byåsenspelar
og i mål i nærmaste hjørne.

Kampen :
Førsteomgangen styrar vi total spelemessig og skapar 6 meget store målsjansar,
og ein del nestensjansar. Dette til tross for at det offensive spelet ikkje går på «skinner».
Åleine med keeper to gangar, trippelsjanse m.fl. er nokre av sjansane, men det måtte
eit sjølvmål til etter dødball for å få ballen i nettet.
Utan om ei klarering rett i ein Byåsenspelar frå vår side, så skapar ikkje heimelaget noko
verkeleg farleg på oss.
Etter ein ok omgang tek vi med oss 0-1 leiing til pause.

Vi startar godt etter pause også og skapar nye gode sjansar til å seie «takk og farvel» til Byåsen.
Ein strålande Byåsenkeeper som er banas beste spelar i dag, reddar fleire store sjansar og ikkje minst eit
straffespark frå Cecilie i det 56.minutt.
Dei siste 20 minutta blir meir spennande enn nødvendig, då vi etter ni store målsjansar
kun leiar 0-1. Då skjer det som alltid skjer i ein fotballkamp, motstandaren får ein målsjanse eller to.
Det får også Byåsen på eit par overgangar, men for oss er ikkje Byåsen dyktige nok til å utnytte dei.

Etter høge skuldrar og stress i sluttminutta, så kan vi puste letta ut til slutt !

Kaptein Mette om kampen :
Vi spiller kanskje ikke vår beste kamp for året, der det blir mye kjemping og kriging, og finspillet ikke sitter helt som det skal.
Likevel er vi det beste laget og har ballen i store deler av kampen og mange store sjanser som burde avgjort kampen mye tidligere !
Som alltid er det tre poeng og tabelltopp som teller og det er vi strålende fornøyd med 😊
Nå rettes blikket frem mot helga og toppkamp mot Molde. Alle vi jentene håper mange vil møte opp å støtte oss !!

Trenarkommentar :
Heile veka har eg «frykta» denne kampen !
Ein kamp der alle forventar siger, ein kamp der motstanderen er betre enn tabellen tilseier
og ein kamp der vi har litt «alt å tape».
Set vi sjansane våre i dag, så er denne kampen avgjort tidleg. Dessverre gjere vi ikkje det og då
får motstandaren tru og energi. Då blir det ein del høge skuldrar og for mykje stress både
på og utanfor bana.
Det viktigaste i fotball er å vinne, det er det i alle fall for oss og i den situasjonen vi er i.
Det fleste fotballkampar er ordinære, nokre få er fantastiske og endå færre er magiske.
Skal ein vinne ligaen og rykke opp, så handlar dei fleste kampar om å gjere jobben
og å ta dei poenga som trengst. Det gjorde vi i dag !

Kansje var akkurat denne kampen og desse 3 poenga, dei som er heilt avgjerande
når vi skal konkludere seint i høst. Eg trur dei fort kan vere det…..
Etter kampane denne helga er 2/3 del av serien ferdigspelt, og vi har eit meget
godt utgangspunkt med tabelltopp og ei lita luke.
No skal vi inn i nokre avgjerande toppkampar mot Molde og KIL/Hemne
i dei neste to kampane.
Eg gledar meg, er er positiv, eg har trua, men samstundes veit eg
at kun hardt arbeid og 100 % fokus framover tel – dette skal vi klare saman !

Viste du at ?
Dette var vår 4. strake seriekamp på rad utan baklengsmål.
Noko som betyr 6 spelte timar utan å sleppe inn mål !

Lørdag 1.september kl.16.00 møter vi Molde i toppkamp på Aksla stadion.

Magne