FK Fortuna Ålesund er glade for at vi har styrka teamet rundt laget.

Line H. Stenstad(26) frå Trondheim skal vere fysioterapeut og fysisk trenar for
oss i sesongen 2018.

Line har ein bachelor i fysioterapi frå høgskulen i Sør-Trøndelag.
Dei siste 2 åra har ho budd i Valldal og jobba der, men flyttar til Ålesund
ved årsskiftet og skal jobbe her i byn.

Ho har sjølv spelt fotball og står mykje på ski.
Line skal vere fast med oss ute på feltet ein gang i veka og vere
med oss på ein del kampar, først og fremst på heimebane.
Ho skal ha hovudansvar for skadeforebygging og oppfølging av skadar.
I tillegg skal ho vere med å bidra og styre ein del av korleis vi legg opp den fysiske treninga.
Rundt påsketider står treningsleir på programmet, og då blir Line med oss for at vi skal
få endå betre utbytte av denne turen.

Vi er veldig glade for å ha fått styrka teamet vårt rundt laget, og ser
fram til eit utviklandes samarbeid for alle partar !

 

Kategorier: Nyheter