Sunndal – FK Fortuna Ålesund
2.seriekamp Sunndal kunstgras 28.04.18

Sunndal borte er alltid vanskelege kampar og det skulle det vise seg også i dag på Sunndalsøra.
Heldigvis viste vi den rette mentaliteten og stod løpet heile vegen ut, noko som
gav oss ei deilig heimreise til Ålebyen.

Resultat : 1-3(1-1).
Gule kort : Ingen.

Tribune : Ca. 40 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Oda Sperre Tennfjord, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora M. Ferstad
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Anna Fjørtoft, Ingrid Vatne
Katarina Sunde

Innbytte :
– 67min. Camilla ut og Kari Skovly inn.
– 65min. Anna ut og Vivian Saadi inn.
– 86min. Ingrid ut og Eva Hormazabal inn.
– 86min. Nora ut og Martine A. Olsen inn.

*Stine(skade), Lisa(skade), Vilde(reise) og Kristine(landslag) var alle udisponible i dag.

* Martine Arnestad Olsen frå Blindheim debuterte på seniornivå for Fortuna i dag.
Både mor(Unni Arnestad) og tante(Nanett Skodje-Olsen) har tidlegare spelt for klubben.

*Kaptein Mette Osvold Muri jubilerte i dag med sin 100 kamp for klubben og fekk
akkurat det ho ynskja seg i jubileumsgåve ?

Mål :
-0-1 13min. Ingrid får tak på eit utspark litt inne på Sunndal sin halvdel.
Ho set på fart og dreg seg først forbi backen, skjer inn i bana og frå
18 meter og litt skrått så dunkar ho ballen i mål heilt oppe i lengste hjørne.

-1-1 21min. Eit utspark frå keeper blir sleiva vidare frå ein Sunndalspelar.
Ein heilt ufarleg situasjon blir plutseleg farleg, då vi bommar på ballen og
Mari Lien kjem åleine med keeper og utliknar.

-1-2 78min. Oda kastar i beina på Vivian inne i 16 meteren, ho legge tilbake til Kari,
som igjen spelar vidare til Mette som skyt mot mål frå 15 meter. Ballen skiftar retning
og på 6 meter lurar Katarina seg inn og kontant set ballen i mål.

-1-3 84min. Vi får eit korridorfrispark på høgde med 16 meteren ute på vår høgre side.
Nora tek fram silkefoten sin og svingar inn eit perfekt frispark som Katarina stig til værs
på, og frå 6-7 meter og fremste stolpe så heddar ho frisparket vakkert i mål i lengste hjørne.

Kampen :
Vi tek styringa av kampen direkte i dag og har ballen i store delar av førsteomgangen,
mot eit heimelag som ligg lavt og satsar på kontringar og eventuelle dødballar.
Eg syns vi er kollektive og spelar god angrepsfotball, men den siste avgjerande pasninga eller
avgjerdsal vår sviktar slik at vi får for lite store målsjansar ut av speleovertaket vår.
Vi får ein liten advarsel etter 6 minutt, då Sunndal sin gode høgrekant får skjer inn og avslutte like
utanfor frå litt spiss vinkel. Heldigvis er det vi som får leiinga i kampen etter at Ingrid tek saka i eigne hende.
Skåringa gjev oss endå meir energi og dei neste minuttane er vi meget gode.
Dessverre er vi uheldige ved ei klarering, noko som heimelaget utnyttar nådelaust etter 21 spelte minutt.
Dermed var det 1-1 på Sunndal sin andre og siste målsjanse i kampen.
Dei siste 20 minuttane av omgangen blir det mykje neste og ein del dødballar for oss, utan av vi skapar dei
heilt klare sjansane.

Eg er nøgd med mykje i pausa i dag, men vi må skape meir framover og
sørge for endå betre omstillingar og balanse, slik at vi hindrar Sunndal å kontre.

I andreomgang startar vi bokstavleg talt i motvind. Vinden aukar på, samstundes som vi blir alt for upresise med ball
og slit med å bryte ned eit heimelag som beleirar seg langt inne på eigenhalvdel.
I det 70.minutt av kampen stig temperaturen, då den ellers gode dommartrioen vel å oversjå ein soleklar hands.
Eit innlegg frå Kari spelar ein Sunndalspelar handball med, då ho slår til ballen med handa langt over eige hovud,
noko som videoen også viser krystallklart.
Heldigvis skulle dette ikkje bli kampavgjerande, for eit lite kvarter før slutt skulle vi få betalt for hardt arbeid.
To mål av Katarina gjev oss ein til slutt solid siger. Dei siste 10 minuttane skapar vi sjansar til å skåre endå fleire
mål, der blant anna Vivian treff stolpane to gangar.

Dermed endar ein vanskeleg bortekamp med det beste resultatet !

Fra venstre: Målscorer Ingrid Vatne, debutant Martine A. Olsen og målscorer Katarina Sunde

Kaptein Mette om kampen :

Vi visste på forhånd at det kom til å bli en tøff bortekamp og hadde nok fjorårets kamp i minnet.
Jeg synes vi er klart det beste laget i begge omgangene, men mangler den siste avgjørende pasningen for å skape de store målsjansene.
Alt i alt en god bortekamp og tre viktige poeng!

Veldig gøy å kunne få 3 poeng i min 100 kamp for klubben?

Trenarkommentar :

Vi har prata mykje om mentalitet og fokus denne veka, om å gjere jobben 110 % i ein kamp vi veit er vanskeleg. Eg synst spelarane absolutt leverte. Vi lykkast ikkje med alt, men det er aldri lett å spele mot ein motstandar som er flinke til å forsvare seg og som har eit par meget gode offensive spelarar. Vi framstår veldig solide defensivt i dag, sjølvsagt utanom ein glipp som ein aldri kan gardere seg mot og som skjer i fotball. Offensivt er vi litt for upresise i siste fasa i periodar, men vi «eige» jo kampen frå start til slutt. Konklusjonene er enkel og grei – Dette var solid og meget fortjent !

Alt onsdag er det ny kamp, då Herd er motstandar på bortebane i 1.runde NM damer.
Neste seriekamp går søndag 6.mai heime mot Byåsen 2 på Aksla Stadion.

Magne