Vi har i helga delteke på Lyn si turnering på Kringsjå.
Ei viktig helg i forhold til å skaffe oss referansar til det nivået vi ynskjer å vere på,
og ikkje minst for å sjå om den jobbe som er lagt ned i vinter helde mål.
Lørdag :

Fortuna Ålesund – Kaupanger

Slik starta vi : 4-2-3-1 :
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Helena Vattøy
Mette Muri, Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Malin Sunde
Innbyttarar :
Kari Skovly, Ingrid Alnes og Anna Fjørtoft(alle inn etter pause).
Mål :
– 1-0 23min. Vivian Saadi(Malin Sunde).
– 2-0 55min. Mette Muri(Kari Skovly).
– 3-0 67min. Cecilie Otterlei(Malin Sunde).
Kampen :
Kaupanger har i fleire sesongar jakta opprykk til 1.divisjon og har same ambisjonen i år.
Eg trudde KIL kom til å utfordre oss skikkeleg, men kunne fornøgd konstatere at vi var ein klasse betre
enn ein mogleg konkurrent om opprykk til 1.divisjon.
Solide defensivt, stor løpskraft og ein del flotte angrep.
Ein særs fortjent siger ut i frå spel og sjansar.
Søndag :
Fortuna Ålesund – Byåsen
 
Slik starta vi : 4-2-3-1 :
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Helena Vattøy, Ingrid Alnes
Mette Muri, Anna Fjørtoft
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Malin Sunde
Innbyttarar :
Kari Skovly, Ida Kroken og Oda Tennfjord(alle inn etter pause).
Mål :
– 0-1 12min.
– 0-2 33min. Straffe.
– 0-3 36min.
Kampen :
Byåsen vart nr. 3 i 1.divisjon i fjor og er blant dei aller største favorittane i årets 1.divisjon(vann turneringa).
Førsteomgangen er god med vinden i ryggen. Vi pressar dei høgt, og kjem til ein del nesten mulighetar.
Defensive er vi særs solide, men det glepp når ein Byåsendame får drible seg igjennom og skåre litt for enkelt etter vår smak.
Som sagt er vi godt nøgde med det som skjer før pause.
Det som skjer dei første 15 minutta etter pause er vi ikkje like godt nøgde med…….
Det virkar som vi ikkje er heilt på i motvinden, og vi blir spelt over i denne perioden og sleppe inn 2 mål.
Heldigvis løftar vi oss inn igjen i kampen siste delen, men det er heilt greit og absolutt til å leve
med at Byåsen var betre enn oss i denne kampen.
* Som nr. 2 i gruppa skulle vi møte nr. 2 i den andre gruppa i kampen om 3.plassen.

Bronsefinale : Fortuna Ålesund – Grei
 
Slik starta vi : 4-2-3-1 :
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri, Malin Sunde
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Kari Skovly.
Innbyttarar :
Helena Vattøy og Anna Fjørtoft(inn etter pause).
Mål :
– 1-0 21min. Malin Sunde(Kari Skovly). Straffe.
Kampen :
Grei vart nr. 6 i 1.divisjon i fjor, og då er det ikkje mindre enn imponerande at vi rett og slett er
ein klasse betre enn dei i denne kampen !
Spelarane virka supergira på å levere varene, sjølv om det var ein del tunge bein.
Defensivt er det bort imot prikkfritt, medan vi skapar mykje offensivt og har og stort trykk på dei.
12(!) cornerar seier noko om dette.
Dei første 20 minuttane av andreomgangen er knapt Grei over midten, og vi bør auke leinga vår.
Blant anna bommar Malin på eit straffespark, og vi har andre gode mulighetar.
Ein sterk og deilig siger !
Oppsummert :
Eg må innrømme at dette vart ei helg litt over det eg hadde forventa.
Vi har trent beinhardt i 2 månadar og hatt fokus på ein del enkle men viktige
prinsipp i spelet vårt. At vi skulle vere kome “so langt” allereie no, det er ditto gledeleg.
Samtlege spelarar leverte i helga, og har gjeve klare svar på at dei verkeleg ynskjer å vere viktige bidragsytarar i år.
No handlar det om å ta med seg lærdommen frå helga, og fortsette å jobbe minst like bra framover.
Det handlar om å jakte utvikling, ha fokus på kvalitet kvar gang, ha eit voldsomt engasjement inn i jobben
som skal gjerast og sist men ikkje minst vise samhald og pushe kvarandre til vidare utvikling.
Dei neste 4 vekene skal vi spele 6 kampar(NM J19-kval, Trondheimshelg og 1.runde NM damer).
Sportsleg helsing
Magne

Foto: Støtt Norsk Kvinnefotball

Kategorier: Nyheter