Det er no klart at Vilde Skaar Kroken kjem over til FK Fortuna Ålesund.
Vilde er 2001 modell og kjem frå Langevåg IL.
Der har ho vore aktiv både i fotball og handball.
Vilde har heile vegen vore ein fast del av SFK sitt kretssystem, der ho har delteke
på bylag, kretslag, fylkeslag og ho har også deltek på landsdelssamling.
Som fotballspelar kan Vilde bekle fleire posisjonar både i backrekka og på midtbana.
Alt forrige veke var ho i aksjon og gjorde ein flott jobb som midtstoppar i J19 kampen mot Herd.
Vilde er søstra til Ida, noko som då gjere at vi har to søsterduoar i troppen,
i søstrene Kroken og søstrene Muri ?

Med 4 jenter er Langevåg IL no den klubben med flest spelarar i Fortunatroppen.
Ida, Katarina, Lisa og Vilde er dei fire Langevågsjentene.

Troppen til Fortuna i 2018 består då av følgande 18 spelarar :

Keeperar :

1.Marthe Bjørhovde og 24. Lisa P. Raknes.

Forsvar :
2. Cecilie Otterlei 5. Vilde S. Kroken 6. Oda S. Tennfjord
16.Kristine Gulbrandsen 19. Helena L. Vattøy 23. Stine O. Muri

Midtbane :
3. Mette O. Muri 8. Nora M. Ferstad 9. Eva U. Hormazabal
10. Ida S. Kroken. 15. Anna Fjørtoft

Angrep :
7.Katarina D. Sunde 11. Kari Skovly 13. Vivian R. Saadi
17. Ingrid Vatne 20. Camilla Smith-Nilsen.

Vi ynskjer Vilde velkommen til klubben ?

Sportsleg helsing
Magne Elde

Kategorier: Nyheter