KIL/Hemne – FK Fortuna Ålesund

15.serierunde 21.09. Hemne Sparebank Arena.

Det var ei flott ramme rundt toppkampen på Kyrksæterøra i dag under gode speleforhold.
Eit fint arrangement, over 230 tilskodarar og ein fotballkamp med mykje på spel og høg intensitet frå laga.

Resultat : 0-3(0-1).
Gule kort : Cecilie Otterlei og Maren Snekvik.
Dommar : Per Ivar Staberg, Klæbu IL.
Tribune : ca. 230 tilskodarar.

Mål :
0-1 37min. Vi startar angrepet bakfrå via Reite som tek på seg press og spelar ut til Nora på venstrebacken. Ho løftar blikket og slår ein perfekt ball inn bak KH-forsvaret der Solveig kjeme på eit godt indreløpar-løp. Solveig kjeme seg fri og frå litt skrått hald og 6-7 meter avsluttar ho.
Keeper reddar, men returen går vidare til Anna som berre kan breiside ballen i det opne målet frå kort hald.
0-2 61min. Agata får kontroll på ballen sentralt i bana før ho slår den ned i støtte på Nora. Ho ser Solveig på løp ute på venstrekanten og spelar ein ny perfekt ball inn bak KH-forsvaret.
Solveig kjem seg fri nesten nede ved dørlinja og slår eit perfekt innlegg langs graset framfor mål, og der kjeme Mette på løp bakfrå og berre kan breiside ballen i nota frå kort hald.
0-3 81min. Nora teke kast omtrent ved midtstreken og kastar i beina på Ingrid. Ho vendar inn i bana og spelar ein flott ball heilt over på Kari på motsatt, som kjem åleine med keeper og rundar ho før ho sete ballen i det opne KH-målet.

Slik starta vi : 1-4-3-3.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Stine M. Reite, Nora M. Ferstad
Mette O. Muri(K), Oda S. Tennfjord, Agata Droździk
Kari E. Skovly, Anna Brenne, Solveig Engås

Innbyttarar :
-74min. Oda ut og Ingrid Vatne inn.
-85min. Agata ut og Vilde Kroken inn.
-85min. Nora ut og Ellijanne Anderson inn.
-85min. Solveig ut og Amale E. Sandvik inn.

Kampen :
Det er ein liten vind under dagens kamp utan at den er for pregande i kampbildet.
Vi får den i ryggen i førsteomgangen og stuper omtrent rett i angrep frå første spark på ballen.

Dei første 25 minuttane eige vi totalt, ved å vere direkte og klare å gjenvinne ballen høgt oppe i bana gang på gang.

Skjeldan klarar heimelaget å etablere noko spel på vår halvdel i denne perioden. Til tross for det store overtaket, så blir det mykje nesten for oss og vi klarar ikkje å skape dei klare målsjansane.
I det vi har spelt rundt knappe 30 minuttar og heimelaget ikkje har vore nær målet vårt, så nølar vi og KH sin spiss snappar ballen og fossar mot mål.
Med Cecilie på «slep» og under press, så blir avslutninga for svak og Marthe reddar utan for store problemar.
No får KH litt energi og klarar ved nokre høver å flytte spelet sitt høgare opp i bana en liten periode.
Uansett er det vi som er det beste laget før pause og 7-8 minuttar før sidebytte får vi kampens ekstremt viktige første skåring ved Anna.
Kari blir like før pause spelt igjennom åleine mot keeper, men kjeme litt skrått og får ein litt for lang touch, slik at heimelaget sleppe unna.
Ein intens førsteomgang ebbar til slutt ut med ei fortjent leiing til Fortuna.

I pausa er det godt humør, gode diskusjonar og fokus på kampplan og justeringar inn mot andreomgangen.

I andreomgangen er det heimelaget som får vinden i ryggen og vi forventar at dei kjem ut i 100.
Dei første 10 minuttane klarar KH til ei viss grad å presse oss litt tilbake i bana og skaffar seg eit lite overtak, men utan å skape det heilt store.
Etter kvart får vi meir kontroll igjen og får løfta spelet vårt høgare opp i bana.
I kampens 61. minutt leverar vi eit strålande angrep og kaptein Mette sender oss opp i ei herleg 2-0 leiing.
No må heimelaget risikere meir og meir framover, noko som gjere at kampen opnar seg endå meir opp.
I denne perioden kjem også heimelaget seg til ein 2-3 gode mulighetar. Den aller største på eit frispark som Marthe får slått i tverrleggaren, og på returen heddar KH-spissen over ope mål frå ein 2-3 meter.

Vi er heller ikkje ufarlege og kjeme på fleire gode overgangar, der det er små marginar før vi skapar skåring.
Til slutt er det heldigvis vi som viser skåringsteft igjen, då Kari kan setje inn 3-0 skåringa og avgjere kampen definitivt rundt 10 minuttar før slutt.

Dei siste minuttane er det berre å «styre» inn til ein særs fortjent og imponerande siger !

Kaptein Mette om kampen :
For en lagseier!
Vi går ut på fra start og tar virkelig tak i kampen. Selv om vi ikke skaper mange av de helt store sjansene i 1. omgang er det vi som styrer det som skjer og vinner de fleste dueller.
Vi fortsetter i 2.omgang, selv om Kil/Hemne prøver å trykke oss bakover. Selv om vi endelig har litt marginer med oss i kampen, er det alt i alt en utrolig fortjent og solid seier.
Imponert og stolt over den innsatsen jentene legger ned når det virkelig gjelder

Trenarkommentar :
Dette var ein eksamen for oss i forhold til kva karakter vi kan gje på høstsesongen vår og i forhold til utviklinga av laget.
Ingenting er då kjekkare enn å kunne slå fast at vi «bestod eksamen» til toppkarakter !

Vi har levert ein fantastisk høstsesongen som starta med cupkampen mot Vålerenga i sommar.
I fortsettelsen har vi «banka» topplaga Herd, Molde og KIL/Hemne og levert vår kansje sterkaste kamp i det

ufortjente tapet mot eit rekordsterkt Ørn 2.  
Eg er ikkje i tvil om at vi er det beste laget i avdelinga slik har framstått i høst og med det laget og den troppen vi no har på plass.
Likevel er ståda no slik at det kansje allikevel ikkje er nok til å vinne serien og få spele kvalifisering til 1.divisjon.
Skal det skje må Molde og KIL/Hemne avgje poeng i ein av sine siste kampar – vi får leve i spenninga !


Uansett er eg ekstremt stolt og imponert over kva spelarguppa har levert i høst !
Måten vi framstår på i dagens kamp med ein god miks av klokskap, ein enorm vilje og mange ulike ferdighets-strengar å spele på

er utruleg kjekt å sjå. Vi skårar ekstremt mykje mål, men det er nesten endå meir deilig i dag at vi helde nullen bakover !
I dag er det LAGET som viser kven som er best og som vinne ein ekstremt tøff bortekamp – SAMAN 

💙

Resultat i helga :
Træff – Hødd, 1-3.
Nardo -Herd, søndag.
Molde – Trondheims Ørn 2, søndag.

Tabell :

Nr.LagKamparMålskilnadPoeng
1Fortuna Ålesund1566-1534
2KIL/Hemne1463-1532
3Molde1341-1429
4Trondheims Ørn1344-1427
5Herd1327-1923
6Hødd1520-5315
7Træff1421-3610
8Nardo139-584
9Sunndal147-513

Årets siste seriekamp går heime mot Træff lørdag 28.september kl.14.00.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund