Vivian Saadi(20) vart denne veka speleklar for 1.divisjonsklubben Øvre Hosle(ØHIL).
I høst flytta Vivian til Gdansk for å starte på medisinstudiet, og på slutten av
høstsesongen pendla ho heim til spel for Fortuna.
I januar fekk Sykkylvsjenta den gledelege meldinga om at ho fekk plass i Oslo på det same studiet.
Etter å ha brukt litt tid på å komme i gang i Oslo, så har ho den siste tida trena med ØHIL
sitt lag i 2.divisjon. Det skulle sjølvsagt ikkje gå lange tida før at ØHIL-leiinga fann ut at dei ville
gje Vivian tilbod om plass i troppen til 1.divisjonslaget.
2.påskedag spelar ØHIL borte mot Kaupanger og då er ho med i troppen for første gang.

Vivian kom til Fortuna i januar 2015 og enda i denne omgang på 87 kampar for klubben(serie + NM damer).
Ingen vil gløyme Vivian sin enorme prestasjon i 2017, då vi tok eit historisk NM-gull for J19.
Vivian vart turneringas toppskårarar med 5 mål, etter å ha storspelt i kamp etter kamp.
I finalesigeren over Arna Bjørnar vart ho matchvinnar og kåra til kampens beste spelar.

Vivian har denne kommentaren til overgangen :
Det blei naturlig å finne et nytt lag med tanke på at ej flytta til Oslo.
ØHIL virka som en spennande klubb å utvikle seg i, og ej he blitt godt tatt imot der.
Vil få takke for 4 fantastisk lærerike år i Fortuna, og ikkje minst for samholdet og minnene Fortunafamilien he vør med på å skape for meg💙

Med Vivian også på plass i 1.divisjon damer – er det no fleire tidlegare Fortunaspelarar som er
å finne i aksjon der.

Her får du ei lita oversikt :
Ida Skaar Kroken spelar for Åsane som ho gjekk til no i vinter.
Ho debuterte og spelte heile kampen i Åsane si serieopning forrige helg.
Ingrid Alnes spelar i Byåsen der ho vart kåra til årets spelar i fjor.
Ho er akkurat no ute med ein skade.
Katarina D. Sunde spelar også i Byåsen som ho gjekk til sommaren 2018.
Katarina spelte heile kampen for Byåsen i serieopninga.

I tillegg til desse så finn ein desse med ei fortid i Fortuna :
Live Aandal frå Åndalsnes spelar fast på Byåsen.
Ho var på lån hos Fortuna i juni 2014 og spelte 4 kampar for klubben.
Klara Sporsheim frå Gossen er keeper og kaptein på ØHIL.
Saman med Live var også Klara på lån hos oss i juni 2014 frå Molde og vokta Fortunamålet i 1 kamp.
Eli Melseth får Sykkylven var ein del av Fortuna i 2013 og 2014 sesongane.
Ho spelte 5 kampar for Grei i 1.divisjon i 2018 og er også i år ein del av Grei-stallen.
Var ikkje i troppen i serieopninga.

Vi gratulerar Vivian med overgangen til ØHIL og ynskjer alle med ”fortunablod” lykke til i årets 1.divisjon damer 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund

Kategorier: Nyheter