KIL/Hemne – FK Fortuna Ålesund

16.serierunde 28.09. Aksla stadion.

På Sunnmøres flottaste grasbane i eit fantastisk haustvær, så var det klart for årets siste seriekamp for Fortunadamene.

Resultat : 7-1(5-0).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Ane Serine Dimmen, Volda TIF.
Tribune : ca. 120 tilskodarar.

Mål:

  • 1-0 13min. Stine kastar i beina på Anna inne i 16 meteren. Anna vendar av stopparen og legge inn på tvers, der Solveig kjem i fart og sete ballen i mål via keeper frå kort hald.
  • 2-0 26min. Agata slår ein utovercorner som finne Mette på bakre stolpe. Ho stige til værs og heddar den tilbake i lengste hjørne.
  • 3-0 28min. Eit strålande angrep ! Vi startar bakfrå med Marthe, nokre pasningar i laget før Stine M trer opp Solveig på eit glimrande indreløpar-løp. Solveig kjeme seg ned til dørlinja, legge inn til Anna på første stolpe som igjen legge tilbake til Kari som med venstrefoten sete ballen i lengste hjørne.
  • 4-0 34min. Ingrid vinn eit utspark frå keeper i lufta og heddar vidare til Anna, som stussar vidare til Solveig. Ho drege av eit par spelarar og åleine med keeper skårar ho sikkert i hjørnet.
  • 5-0 39min. Agata slår utovercorner, som går via ein Træff-spelar før ballen fell i beina på Solveig på 9-10 meter og ho dunkar den i mål i lengste vinkel.
  • 6-0 57min. Eit nytt flott angrep der vi kjeme fram på vår venstre side. Eit innlegg frå Nora går heilt over til Ingrid på motsatt side. Ho spelar inn igjen til Anna, som etter å ha dribla av 2-3 spelarar til slutt kjeme seg fri og skyt i mål i lengste via stolpen frå 6-7 meter.
  • 7-0 69min. Nora slår ein flott innovercorner der Amalie ragar høgast ca. midt framfor målet, og heddar perfekt i mål frå 5-6 meter.
  • 7-1 90(+1)min. Eit Træff-frispark blir slått inn mot bakre stolpe, der vi er passive og til slutt får dei satt ballen i mål åleine med Marthe frå kort hald.
  • Amalie E. Sandvik skåra sitt første mål i Fortunadrakta !
  • Solveig skåra ekte hattrick med sine 3 skåringar før pause i dag !

Slik starta vi : 1-4-3-3.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Stine M. Reite, Ellijanne Anderson
Solveig Engås, Mette O. Muri(K), Agata Droździk
Kari E. Skovly, Anna Brenne, Ingrid Vatne

Innbyttarar :
-46min. Cecilie ut og Kristine Gulbrandsen inn.
-46min. Agata ut og Vilde Kroken inn.
-46min. Mette ut og Amalie E. Sandvik inn.
-46min. Solveig ut og Oda S. Tennfjord inn.
-46min. Kari ut og Nora M. Ferstad inn.
-70min. Reite ut og Agata inn igjen.
-70min. Ingrid ut og Kari inn igjen.
-70min. Anna ut og Solveig inn igjen.

Kampen :
Vi ville avslutte med stil i årets siste seriekamp.
Vi starta litt upresist og slurvete i førsteomgangen, fram til vi får 1-0 skåringa ved Solveig etter 13 spelte minutt.
Resten av omgangen rullar vi opp fleire flotte angrep og stoppar ikkje opp før vi har skåra 5 mål.

Ein veldig proffesjonell og solid førsteomgang, utan at vi er fantastiske.
I pausa gjere vi 5 bytter og er einige om å gå ut igjen og fullføre kampen på ein god måte.

Nye relasjonar teke alltid litt tid før dei sete seg etter sidebytte, men etter kvart får vi skåra eit par flotte mål til og relasjonane sete betre.
Vi gjere nye 3 bytter før dei siste 20 minuttane av kampen og med infomasjon i både positiv og negativ retning i Trondheim, så blir ein nok litt prega av det i siste delen av omgangen.
På overtid får også Træff eit «trøstemål» etter ein dødball.
Vi påførar Træff sesongens største tap og vinne særs solid og med full kontroll.

Kaptein Mette om kampen :
En litt rotete kamp fra vår side, med mye slurv og unødvendige balltap. Det lugger litt i pasningsspillet og vi klarer ikke å utnytte de rommene vi ønsker i starten. Det kommer seg utover i kampen og vi klarer likevel å skape noen fine angrep og kombinasjoner. Alt i alt er vi det klart beste laget og vinner en klar og fortjent hjemmeseier på en middels dag. Vi har levert en fantastisk høstsesong og spilt utrolig god fotball. Det ser vanskelig ut, men vi må bare håpe på at Molde kan ta poeng fra KIL/Hemne neste helg.

Trenarkommentar :
Då er alle seriekampane spelte for vår del, vi leiar tabellen før dei andre spelar sin siste kamp neste helg.
Likevel er det ikkje opp til oss sjølve om vi er framleis på toppen etter siste runda neste helg.
Vi har dessverre teke 1 poeng for lite til å kunne ha dette i våre eigne hender. No er vi avhengig av hjelp frå Molde.

På dei siste 9 serierundane har vi teke 8 av 9 sigrar og 24 av 27 moglege poeng, dessverre avga vi litt for mange poeng i starten av sesongen.

Høstsesongen vår har vore fantastisk, der vi har levert strålande resultat og spelt ein offensiv og god fotball.

I dag leverar jentene igjen ein meget solid og flott kamp, sjølv om vi aldri er opp mot vårt aller beste i dag.
På «80%» er vi likevel gode nok til å påføre Træff sesongens største tap. Det seier også litt om kor vi står i dag.
Vi kan til sjuande og sist ikkje «skylde» på nokre andre enn oss sjølve om vi ikkje står øverst på tabellen tilslutt.

Gjennom året 2019 har vi igjen bygd eit strålande fotball-lag og levert den beste Fortunahøsten på årevis.
Ei fantastisk dedikert og utviklingsorientert spelargruppe har saman med eit flott støtteapparat klart dette saman.
Realistisk sett skal KIL/Hemne klara å fikse dette heime mot Molde neste helg – vi kan berre leve i håpet.

Resultat i helga :
Sunndal – Herd, 2-2.
Molde – Nardo, 3-0.
Trondheims Ørn 2 – KIL/Hemne, 2-3.

Tabell :

Nr.LagKamparMålskilnadPoeng
1Fortuna Ålesund1673-1637
2KIL/Hemne1538-1235
3Molde1544-1632
4Trondheims Ørn1548-1730
5Herd1532-2127
6Hødd1520-5315
7Træff1522-4310
8Sunndal159-534
9Nardo159-674

Fortuna har spelt alle sine kampar og må vente på resultata i siste serierunde neste helg før ting er endeleg avgjort.

Slik går siste serierunde lørdag 5.oktober kl.14.00 :

Herd – Hødd.
Nardo – Sunndal.
Træff – Trondheims Ørn 2.
KIL/Hemne – Molde.

Skal Fortuna bli seriemeisterar så må Molde ta poeng mot KIL/Hemne i siste serierunde.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund